Hopp til hovedinnholdet

Madame Bovary - frå livet i provinsen

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Gustave Flauberts debutroman og gjennombrot Madame Bovary er eit hovudverk i moderne fransk litteratur og handlar om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv. Romanen skildrar ei kvinne på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare og som har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit. Omsett av Margunn Vikingstad. Gustave Flaubert (1821-1880) var ein av dei sentrale forfattarane i den franske romantikken, samstundes som han blir nemnd som opphavsmannen til den litterære realismen. Han skilde seg ut gjennom ein svært finstemd skrivestil, og har vore kalla ein av litteraturens store perfeksjonistar. Med debut-romanen Madame Bovary (1857) fekk Flaubert sitt store litterære gjennombrot.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed