Hopp til hovedinnholdet

Yoga

  • Innbundet

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

Dette er ei bok om yoga, eller, slik var ho i alle fall tenkt.

Solbadande i eigen suksess (Riket), og for ein gongs skuld lykkeleg komfortabel i livet, slik det artar seg på veg mot seksti, vil Carrère skrive ei lita oppbyggeleg bok om yoga og meditasjon. Men frå første side i den boka du no har gripe tak i, blir det heilt klart for lesaren at verken boka, eller livet, tok den retninga forfattaren såg for seg.

Under ein yoga-retreat får Carrère opphaldet avbrote av terroren mot Charlie Hebdo, og han søkk ned i ein djup depresjon som endar i ein tilstand av mental ubalanse og eit opphald på sinnssjukehus. Der blir han behandla med elektrosjokkterapi. I tillegg raknar ekteskapet, og etter nokre månader finn me Carrère i Irak på jakt etter ein koran stenka i blodet til Saddam Hussein, før han prøver å finne att likevekta som skrivelærar, omgitt av unge båtflyktningar på den greske øya Leros.

Dette er ei bok om éin manns ønske om å bli betre, og om å vere betre. Yoga er marinert i tvil, og kastar oss ut mot medvitets yttergrenser, der vi endeleg kan sjå tinga slik dei verkeleg er.

Tilgjengelig i 47 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed