"Det er den gnistrande gode forteljaren Jacobsen, meir enn psykologen, som utfaldar seg i denne romanen på 240 sider. Eg hadde ei kjensle av å ha lese ein mykje lenger roman då eg var ferdig med han, det står så ufatteleg mykje mellom linjene. (...) «De usynlige» kunne lett ha blitt sentimental søtsuppe, men blir det så absolutt ikkje. Det fortel det meste om kva for stor forfattar Roy Jacobsen er."
