Ein dag når Jotten, Jotto og Larsen skal gå på soppsanking, har det skjedd noko svært merkeleg. Soppen er borte! Nokon har stole frå alle sopp-kassene i bygda. Kva i all verda skal dei ete no? Når Jotten blir så svolten at han trugar med å ete Larsen, søker Larsen tilflukt hos fastlegen. Ho er jo alltid så snill. Men korfor oppfører fastlegen seg så merkeleg? Og kva er den mystiske røyken som siv opp frå bakken?
Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen er ei humoristisk og fantasifull historie om fellesskap, einsemd og skikkeleg god sopp.