"Kolerud har eit imponerande talent for språkleg fabulering. I boka vrimlar det av humoristiske fomuleringar når barn forklarer dei vaksne kva som er presist og ikkje-presist språk. Barn med sine enkle men ytterst logiske oppfatningar av språk set lett dei vaksne på plass. Det er både tankevekkande og morosamt."




















