Hopp til hovedinnholdet

Aud Øygardens kunstsalong 1972-2006

  • Pocket

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

(Baksidetekst, utkast) Aud Øygarden opna kunstsalong i Seljord i mars 1972 og hadde den siste utstillinga i 2006. Gjennom desse 34 åra var ho saman med mange andre kunst- og kulturberarar med og sette Seljord på kartet som kulturbygd. Aud Øygardens kunstsalong var eit av dei første private galleria som vart etablert utanom byane, og det fekk stor oppmerksamheit. Eller: Aud Øygardens kunstsalong opna i Seljord i mars 1972 og hadde den siste utstillinga i 2006. Det var eit av dei første private galleria som vart etablert utanom byane, og det fekk stor oppmerksamheit. Leasaren får kjennskap til Auds bakgrunn og veg inn i arbeidet som kunstformidlar, korleis ho kom i gang med kunstsalongen, samarbeidet med kunstnarane, publikums oppfatningar av galleriet og kunstsynet som kom til uttrykk i val av kunstnarar. Boka er skriven til alle som er interesserte i kunst, men kanskje særleg dei som ein eller annan gong besøkte Aud Øygardens kunstsalong. (Tekst/bilde på flap på framsida) Aud Jacobsen var født på Vinstra i 1923, flytta til Seljord i 1946 da ho gifta seg med Gullbrand Øygarden. Ho begynte å selje kunst frå eigen heim og i 1972 starta ho det ho sjølv kom til å karakterisere som sitt andre liv - livet med Aud Øygardens kunstsalong.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer