Hopp til hovedinnholdet

Edvard Masoni - ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder

  • Innbundet

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

Edvard Masoni vart fødd i husmannsgrenda Rasta i Rana på Helgeland i 1870. Han voks opp i djup fattigdom og som same høyrde han til eit folk med låg status både i lokalmiljøet og i det norske storsamfunnet. Det som likevel skilde Edvard Masoni frå dei fleste andre samar på denne tida, var at han etter kvart tok to lange akademiske utdanningar. Han studerte teologi ved misjonsskulen i Stavanger, og medisin i USA. Medisinutdanninga brukte han til å praktisera som lege på den kinesiske landsbygda frå 1912 og fram til slutten av 1920-talet. Masoni drog for første gong til Kina for å driva misjon i 1898. To år etter at han kom til landet braut det ut store opptøyar som følgje av sterke antivestlege stemningar, boksaropprøret. Mange misjonærar vart drepne. Alle misjonærane frå Noreg med unntak av Masoni reiste då heim. Masoni vart fanga av opprørarar og dømt til døden, men klarte på mirakuløst vis å berga livet. Om boksaropprøret skreiv han at det var den vestlege kolonialismen som hadde skulda, noko anna kunne ikkje Vesten venta seg med tanke på korleis europeiske styresmakter fòr fram i Asia. Historia om Edvard Masoni er ein viktig del av samisk historie. Saman med nokre få andre kjempa han hardt for politiske idear som femti år seinare vart førte vidare av den moderne samerørsla. Først rundt 1990 kom det store gjennomslaget, og nokre av desse ideane er no offisiell norsk urfolkspolitikk.

Tilgjengelig i 67 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer