Hopp til hovedinnholdet

Svithunsvake i Stavanger - Stavanger på 1500-talet og legenda om St. Svithun

  • Innbundet

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

St. Svithun-namnet er mykje brukt i Stavanger. Domkyrkja er frå gammal tid også kalla Svithunskatedralen. I byen finst også St. Svithun katolske kyrkjelyd med si kyrkje. To skular og ein barnehage ber namnet St. Svithun. Det same gjer ei gate, ein plass, eit hotell, og fleire verksemder. Eldre folk hugsar nok også Svithun-sykkelen og Svithun-barnevogna. St. Svithun er Stavanger sin vernehelgen. Historia og legendene om denne helgenen var nok meir kjent i tidlegare tider. I denne vesle boka kan vaksne og barn saman bli nærmare kjent med helgenen og korleis han vart feira i Stavanger i første delen av 1500-talet.

    Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

    På nettlager. Bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker..

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer