Hopp til hovedinnholdet
Mopeddagbøkene

Mopeddagbøkene - utviklingssuksess og kvardagsliv i det ny Vietnam

Av Arve Hansen, 2025.


Eit nytt Vietnam veks fram. Så seint som på 1980-talet var landet svært fattig, krigsherja og isolert. Sidan har landet hatt ei veldig økonomisk utvikling, blitt verdsmeister i fattigdomsreduksjon og blitt heim til ei raskt veksande middelklasse.

Levestandarden har betra seg dramatisk. Ein har betre helse og får betre utdanning. Mange kan gå ut og ete, og ein har tilgang til alt det forbrukssamfunnet tilbyr av gleder og sorger. Vietnam har til dømes gått frå å vere eit land av syklar til å huse nesten åtti millionar mopedar, fordelt på omkring hundre millionar innbyggjarar.

Ved hjelp av ei særeigen blanding av sosialisme og marknadsøkonomi har Vietnam blitt ein av verdas største utviklingsuksessar. Samtidig trugar nye former for ulikskap den sosialistiske draumen, politiske rettar blir innskrenka, og ei rekkje miljøproblem fører til nye utfordringar. MOPEDDAGBØKENE tek føre seg både framsida og baksida av Vietnams utviklingsmedalje, og boka gir eit unikt innblikk i eit land alle burde vite meir om.

Arve Hansen er seniorforskar ved Senter for global bærekraft ved Universitetet i Oslo, der han leiar forskinga på berekraftig forbruk og energi. Mykje av Hansens forsking handlar om utvikling, berekraft, forbruksmønstra til dei nye middelklassene i Vietnam og om korleis kvardagslivet endrar seg med store samfunnsomstillingar. Han har ved fleire høve budd lange periodar i landet.

Innbundet
Pocket
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

219,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Produktinformasjon
Format
E-bok, nedlastbar (Epub)
Kopibeskyttelse
NON_DRM
Utgivelsesår
2025
Første salgsdato
11.10.2025
Forlag
Fonna forlag
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider i tilsvarende trykt utgave
139
ISBN
9788251304153
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
219,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.