Hopp til hovedinnholdet

Rein luksus - frå Stad til Storen

  • Innbundet

  • 2008

  • Norsk, Nynorsk

Sogn og Fjordane er eit unikt stykke Norge som turistar reiser verda rundt for å oppleve ein gong i livet. Ei reise i dette landskapet frå Stad til Jotunheimen gjev kjensle av lukke og rein luksus. I boka møter du ekstremistar som slepper seg 1000 meter ned frå steile tindar, familiefolk som meskar seg med alt fjorden har å by på, for ikkje å snakke om menneske som synest at breen er best i måneskin. Forfattar Arve Sandal og fotograf Arve Ullebø har vandra, padla, sykla, klatra, fiska og jakta frå kyst til fjell i Sogn og Fjordane. Bli med dei til soloppgang på ei fjellhylle i Nærøyfjorden og opplev lyssymfonien. Kom til grotta under Jostedalsbreen og sjå signaturen av Norge. Klatr over Norges høgste fjellrygg og møt toppen av lukke på Storen. Eller sjå kva som skjer når ungane i Barnas Turlag er guidar for ein dag. Rein luksus er ei oppdagingsreise i det vakraste Norge.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager (sendes innen 2-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer