"Det er ein kunst, det er av og til meir enn det, måten Vikse Kallåk inviterer oss inn i ei verd der mange av oss har vore. Der me kanskje ikkje klarte å sette ord på det, eller for den saks skuld reflektere. Alle dei små stundene, alle dei små oppgåvene, blikka, hendingane og den heilt spesielle stemninga mellom far og dotter. På ein måte er det ikkje eit dikt, men vers sett saman til ei lita novelle. Ei slags livsreise, der mange element blilr trekt inn. Der døden ventar i enden og ein veit at boka ikkje endar godt. Men samstundes er det noko godt ved dette likevel. Historia, bakteppe om eit levd liv. Om nye generasjonar som veks fram. om håp og om dagar som ikkje kan gi anna enn sorg. Det er ein kunst å formidle det det slik som det blir gjort i denne boka."















