Hopp til hovedinnholdet
Drikkeviser frå Paris

Drikkeviser frå Paris - dikt

Av Anna Kleiva, 2016.


"grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet vi gøymer oss i syrinbuskar, søppelposar vi er erteris og går i eitt med buskaset vi stel klisne pastisflasker frå under benkane ingen ser oss pile forbi der nede langs bakken" I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.

Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.

Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.

"Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.

Innbundet
Pocket
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

279,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 25 butikker

På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Pocket
Utgivelsesår
2016
Første salgsdato
15.03.2016
Forlag
Oktober
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider
73
Høyde
215 mm
Bredde
144 mm
Lengde
9 mm
Vekt
121 g
ISBN
9788249516520
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
279,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.