Ein gutunge på 8-10 år veks opp i Amsterdam på 1980-talet med fransktalande innvandrarforeldre frå Elfenbeinskysten, mens språket ute og på skulen er nederlandsk. Dei er brennande politisk engasjerte – faren kommunist og mora sosialist. Barnet, med all si indoktrinering, både ser og skildrar verda gjennom eit filter av retorikk og komiske språklege misforståingar. Men når mor Maman forsvinn til Hoxhas sosialistparadis, set Kamerat Papa, faren, han på eit fly til heimlandet og mormora. Her oppdagar guten ei familiehistorie som går attende til kolonitida.
Eit hundreår tidlegare forlèt den unge franskmannen Dabilly sitt heimland for å vere med på koloniseringseventyret i Afrika, og hamnar i Grand-Bassam på sørkysten av Vest-Afrika. Gjennom blikket hans fãr lesaren oppleve koloniseringa av det som skal bli Elfenbeinskysten, med utrulege oppdagingsferder, maktkampar franskmennene imellom, kappløpet med britane, møte med lokale folkegrupper og deira soger og tradisjonar. Men det som mest fengslar den ferske kolonisten, er korleis kvart menneske han møter ytrar seg, og forheld seg til andre.
I språkleg storform og med sin karakteristiske humor og satiriske stil, utforskar GauZ’ gjennom to samanfletta forteljingar på tvers av tid og stad, koloniseringa av heimlandet sitt, historisk arroganse og politisk idealisme.
Boka er omsett frå fransk av Tove Bakke og innkjøpt av Kulturrådet.