Spennande historisk krim med klassisk mysterium frå ei uroleg tid i Noreg. Året er 1903. Unionen med Sverige knakar i samanføyingane, politiske motsetnader skjerpast, og lojalitetar blir sette på harde prøver.
Då kaptein Gausereide blir funnen død på Stormoen eksersisplass, ønskjer major Tandrum å halde saka unna offentlegheita fram til den viktige storøvinga er over. Han sender derfor bod etter overkonstabel Johan Ryer frå Ålesund. For Johan er dette den perfekte sjansen til å prøve ut den revolusjonerande fingeravtrykksmetoden og bevise at vitskapen kan løyse sjølv dei mest kompliserte mordgåtene.
Saman med systera Sonja reiser han til leiren, men kvinner er ikkje velkomne innanfor portane. Medan Johan granskar dei militære løyndommane, må Sonja etterforske på eiga hand ute i bygda. Brått blir mordsaka vikla inn i ei anna skakande hending som dreg Sonja ned i hennar mørke, løyndomsfulle fortid.
På stedet hvil er den andre boka i serien om syskenparet Ryer. Ein stemningsfull historisk krim med klassisk mysterium, skarpe tidsbilete og uventa vendingar.