Hopp til hovedinnholdet
Prosessen

Prosessen

Av Franz Kafka, lest av Anderz Eide, 2025.Del av serien Skalds klassikarar.


Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Verket er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Denne kritikarroste nynorske utgåva er omsett av Jon Fosse. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggje dei uferdige manusa hans. Men Brod følgde ikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brods utgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Innbundet
PocketE-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

329,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital lydbok

Lydbøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Produktinformasjon
Format
Lydbok, nedlastbar
Kopibeskyttelse
SDRM
Lest av
Anderz Eide
Varighet
6t 51m
Utgivelsesår
2025
Første salgsdato
08.10.2025
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Originaltittel
Der Prozess
Originalspråk
Tysk
Oversatt av
Jon Fosse
Serie
Skalds klassikarar
ISBN
9788279594093
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Prosessen