I august 2025 sette diktaren seg fyre å lesa gjenom Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule som fyrst kom ut i 1925. Med so gjort tok han til å skriva eigne vers til gamle salmetonar, éin song kvar dag. Desse syknesongane kann du syngja med på med denne diktboki.
Ole Jakob Totland vart nauddøypt på fødedagen sin ein måndag i 1984. No sit han mykje på burtekontor i Oslo og heimekontor på Hadeland. Gav ut diktsamlingi I vermen inn på Norsk Bokreidingslag i 2025.