Kva er ei bok?
Den innste krok av ei sjel i brann, eit vågemod som vann kaste alle bruir av og sjå ned i si eigi grav.
Ein helvits-angst, ein lukkedraum, ein leik på livsens æve-straum imillom blåe himmelhavet og det svarte slimdyrkavet; heidersgjest i Gimles salar eller gløymd i båredalar!
Barn av ånd i kjøte bore, eit hjarta ut av bryste skore, eit skrik frå livsens løynde grunnar; ein elskarkyss på blome-munnar; ein rus imillom eldar på dei store festens kveldar!
Frå «Impromptu», Symra