Hopp til hovedinnholdet
Unge titanar

Unge titanar - tre noveller

Av Nescio, 2025.Del av serien Skalds klassikarar.


I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymandekunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom. Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlegevaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske – dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnartekstaneeit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral. Nescio (1882–1961), eller Jan Hendrik Frederik Grönloh som han eigentlegheitte, er blant dei mest betydningsfulle moderne forfattarane i Nederland. Verka hans er eit fast innslag i skuleundervisninga og er alltid med når den beste nederlandske litteraturen opp gjennom tidene blir kåra. Grønloh debuterte som forfattar i 1911 og under pseudonym. Først då han hadde ei trygg stilling som direktør i The Holland-Bombay Trading Company, og tekstane hadde begynt å bli einsnakkis blant unge forfattarar, avslørte Nescio sitt verkelegnamn i eit forord til 1933-utgåva. Etter at han slutta i direktørstillinga levde Grønloheittilbaketrekt liv, samstundes som verket hans fekkklassikarstatus i den nederlandske litteraturkanonen. Nescio har lenge vore ukjent utanfor sitt eige språkområde. Først i nyare tid har dei tre novellene, som dannarhovudverket hans, blitt oppdaga i utlandet. I 2012 gav New York ReviewBooks ut novellene under tittelen Amsterdam Stories, til strålandekritikkar. Eit artig samantreff er at det var Jon Fosse-omsetjarenDaimionSearls som gjorde den amerikanske forleggaren merksam på forfattarskapen.

E-bokNorsk, Nynorsk
Alle formater og språk
279,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Produktinformasjon
Format
E-bok, nedlastbar (Epub)
Kopibeskyttelse
SDRM
Utgivelsesår
2025
Første salgsdato
02.06.2025
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Originaltittel
De uitvreter ; Titaantjes ; Dichtertje
Originalspråk
Nederlandsk ; Flamsk
Antall sider i tilsvarende trykt utgave
152
Oversatt av
Robin Van de Walle, Øystein Vidnes
Serie
Skalds klassikarar
ISBN
9788279593904
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Unge titanar