Hopp til hovedinnholdet

Kraft 2 - lærebok i fysikk 2, studieførebuande utdanningsprogram

  • Pocket

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

KRAFT Fysikk 2 (2022) er ei alt-i-ett-lærebok med teori, oppgåver og forsøk som dekker læreplanen til fagfornyinga i fysikk 2. Eleven blir leidd inn i fysikkverda gjennom utforskande aktivitetar, undring, eksperiment, programmering og modellering. Læreboka hjelper eleven med å sjå samanhengar i fysikkfaget og førebur eleven til både skriftleg og munnleg eksamen i fysikk.SØLVVINNER AV BELMA-prisen 2022: "Best European Learning Material Award". Les juryens begrunnelse her.
KRAFT 2 legg vekt på den eksperimentelle og utforskande naturen til fysikkfaget. Teoristoffet blir forklart enkelt og praktisk, og fagstoffet blir knytt til aktivitetar og tenkjepausar eleven kan gjere sjølv. På den måten utviklar eleven eigarskap til teoristoffet og blir ein aktiv, nysgjerrig og kritisk lesar.
Læreboka er tydeleg og oversiktleg, med markerte lover og definisjonar, innramma reknedøme, stikkord i margen og samandrag. Kvart kapittel har ein eigen farge, som gjer boka innbydande og enkel å navigere i. Til kvart kapittel følgjer det fleire varierte forsøk og no enda fleire og rikare oppgåver enn tidlegare.
Den tematiske oppbygningen i KRAFT 2 sikrar god progresjon, djupnelæring og heilskap. Læreverket gir tips og idear til sjølvvalde prosjekt som elevane kan utforske vidare.
Varierte og eksamensrelevante oppgåver til utforsking og fordjuping
Innlæringsoppgåvene gir ein gradvis progresjon og hjelper eleven med å tileigne seg stoffet. Dei munnlege oppgåvene passar godt for diskusjonar i grupper eller framlegg for klassen, og dei er òg god trening før munnleg eksamen. Dei blanda oppgåvene til kvart kapittel krev at eleven ser samanhengar i faget og utforskar og fordjupar seg i nye problemstillingar, og dei førebur godt til skrifltig eksamen.
Digitale ressursar som supplerer læreboka
KRAFT Elevnettstad finst løysingsforslag til mange av oppgåvene. Der ligg det òg kapitteltestar, interaktive oppgåver, tilleggsstoff, videoar, eksamenstrening og andre supplerande ressursar. Både elevar og lærarar har gratis tilgang til elevinnhaldet på fagnettstaden.
Med lisens til KRAFT Lærarnettstad får læraren forslag til årsplan, ferdige undervisnigsopplegg, prøver og anna støttemateriell.
Digitale verktøy gir betre fysikkforståing
KRAFT 2 bruker aktivt digitale verktøy som GeoGebra, Tracker og Python, når desse er formålstenlege for å løyse og forstå fysikkproblem. Programmeringskompetanse blir gradvis bygd opp gjennom læreboka på fysikkfagets premissar. Med kodedøme i Python lærer elevane å bruke programmering til å handtere reelle data, gjere numeriske utrekningar og simulere nye og realistiske situasjonar.
I arbeidet med nye KRAFT har vi lytta til erfaringar og innspel frå lærarar og elevar. Heile boka er revidert med nytt og forbetra innhald tilpassa fagfornyinga.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed