Hopp til hovedinnholdet

Utdanningsval - om val, planar, utdanning og yrke

Del av serien
  • Spiralbundet

  • 2009

  • Norsk, Nynorsk

Utdanningsval består av elevbok, lærarrettleiing og nettressursar. Elevane får ei oversikt over dei aktuelle utdanningsprogramma og får innblikk i innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som er typiske for dei. Det er gjort utførleg greie for ulike studiealternativ vidare og for moglege yrke. I tillegg kjem digitale planleggingsverktøy, omfattande bruk av visualisering, interesse-, utdannings- og yrkestestar og presentasjonar og tilrettelegging på elevane sine premissar. Det er eit vesentleg poeng at IKT blir mykje nytta i Utdanningsval. I tett samarbeid med det danske Studie- og Erhvervsforlaget som er leiande på dette feltet i Danmark, har vi utvikla ein omfattande nettressurs på www.utv-pakken.no, som mellom anna består av: elevfokuserte presentasjonar av utdanningsprogramma på vidaregåande skole, gjennomgang av over 500 yrke i samband med dei ulike utdanningsprogramma, over 4000 bilete og 100 videoar frå skole og arbeidsliv, internasjonalt godkjende interessetestar på området yrkes- og utdanningsval, digitale verktøy til bruk i karriereplanlegging og elevsamtalar.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed