Vintertonar - roman
Av Anders Totland, 2020.
Om boka
Kan ein reparere ein knust familie?
«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?» Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.
Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.
Kjøp
Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.






























