Hopp til hovedinnholdet

Juleglimt

  • Innbundet

  • 2008

  • Norsk, Nynorsk

I denne boka presenterer vi noko av det beste Noreg kan by på av god nynorsk julestemning. Her får du alt frå stemningsfulle juleforteljingar til surrealistiske juleeventyr, skrive av 20 kjende vestlandsforfattarar. Forfattarane i boka er: May Grethe Lerum, Berge Furre, Vidar Nupen,Finn Tokvam, Ingvild Bryn, Arild Hoksnes, Fritjov Urdal, Einar Økland, Astrid Overaa, Trude Teige, Sylfest Lomheim, Selma Lønning Aarø, Alf og Thore E. Helland, Erna Osland, Halvor Folgerø, Jens Brekke, Geir Kvam, Bjørn M. Toft, Valgerd Svarstad Haugland og Ragnar Hovland Dei 60 spreke og fargerike illustrasjonane i boka er laga av 10-klasse ved Halbrend skule i Førde. Utdrag frå boka: "Eit gravferdsfølgje blei overraska av uver på Røværsfjorden i kveldinga fredag 13. oktober 1899. Ingen overlevde og kunne fortelje kva som hadde hendt. 39 born blei farlause den kvelden" Bjørn M.Toft " Han hadde eit uhyggeleg raudt ansikt og eit grufullt kvitt skjegg. Han hadde ei kvit lue på hovudet og i auga hans lyste det av helvetes eld. Det var det mest grufulle syn eg nokon gong hadde sett. Og eg gløymer aldri den djevelske røysta som sa: -er det noen snille barn her?" Ragnar Hovland " Guten held på å spengjast av uforklarleg sæle. Alt var fullkome. Han tok av seg skinnlua og let det oppheta fjeset ta imot den kjølige snøen. Det hasta ikkje med å koma heim, for det var så inderleg godt å stå midt i bakkane, midt i bygdi. Åleine. Men med alle grendene og alle lysi i mørkret rundt seg." Sylfest Lomheim " Pinnesteik og sviskegraut og så gåver. Mange gåver, for me har stor slekt på morssida. Pappa var fantasifull og humoristisk og pakka inn småting med merkelappen Til Knut frå katten. Til Herborg frå grisen. Til Ingvild frå kalven." Ingvild Bryn

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed