Hopp til hovedinnholdet

Dei svarte svanene

Av Ruth Lillegraven, del 1 av serien
  • Innbundet

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Dramatisk jakt på miljøskurkar - ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon fjorden med vilje? Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er det den mystiske assistenten hans, Luke, som står bak? Når ingen vaksne trur på det Vanja, Sivert og Mo fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender. «Dei svarte svanene» er første bok i «Klodeklubben» - ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6-9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I «Klodeklubben» finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.

Tilgjengelig i 33 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer