Odelsguten og den nye tida
Pocket
2022
Norsk, Nynorsk
Odelsguten og den nye tida er ein lærerik roman og eit tidsbilde frå ei tid der Noreg gjennomgjekk store forvandlingar - på bygdene opplevde folk endringane i økonomi og levesett som dramatiske. Året er 1910, Alf er elleve år. Om tre år er han konfirmert, og vaksen. Nye opplevingar ventar, kanskje meir utdanning, arbeid, større gard i alle fall. Men som odelsgut er Alf nagla til det magre småbruket i Brekkå for resten av livet. Han gjer også betre nytte for seg heime, enn å kaste bort tida på dei mange nye og unødvendige faga i skulen. Slik faren ser det. «Å drive gard er det som er viktig, det kan eg lære sonen min sjølv,» seier han. Landbruket er i sterk vekst, men i Brekkå er alt som før. For faren vil at garden skal drivast slik han og generasjonane tidlegare har gjort. Gradvis innser Alf at den trygge odelsretten verken er ein veg ut av fattigdomen eller til ei spennande framtid. På garden bur også tante Tea, som er flink til å varsle vêret. Ho kom til Brekkå som lita, foreldrelaus jente. Då Alf byrjar å pirke i draumane hennar skjer det ting. Eit stadig aukande konfliktnivå mellom Alf og faren toppar seg då ei stor ulukke råkar bygda.
Tilgjengelig i 1 butikk
På nettlager. Sendes innen 2-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent