Forfattar har brukt havet som tema. Her blir barna introdusert for nye ord og begrep med fokus på det som lever i havet, og da gjerne det me ikkje kan sjå med det blotte auge. Eg synes at Brøndbo forklarer ord og uttrykk på ein veldig fin og naturleg måte. Han gjentar gjerne noko utover i boka, slik at barnet skal både lære seg det, men og kanskje føle på ein mestringsfølelse av å skjønne innhaldet av ordet. Eit virkelig godt verkemiddel.
