Hopp til hovedinnholdet

Forlist - 56 skipsulukker frå Stad til Bergen

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Kyststrekninga frå Stad til Bergen er ei av dei mest utfordrande på norskekysten, med stormfullt hav, tronge farvatn og stor skipstrafikk. Fram gjennom åra har her hendt mange grunnstøytingar, kollisjonar, forlis og nesten-forlis. Skipsulukker hender framleis, trass i alle moderne hjelpemiddel for navigasjon.

Boka fortel om 56 dramatiske skipsulukker på kyststrekninga, frå eit dampskipsforlis på Stabben fyr ved Florø i 1890 til forliset til fregatten «Helge Ingstad» i Hjeltefjorden i 2018.

Hendingane gjeld fartøy frå mange land, i krig og fred, frå store skip lasta med jernmalm til norske rutebåtar, fraktebåtar og fiskebåtar. Fartøy som vart senka under den tyske invasjonen våren 1940 er også omtala. Mange av hendingane har fått lite omtale i andre bøker. Rikt illustrert med gamle og nye bilete.

    Tilgjengelig i 4 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen en uke.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer