Hopp til hovedinnholdet
Anna og Solmann

Anna og Solmann - livslang forelsking

Av Erna Osland, illustrert av Oddleiv Apneseth, 2013.


Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte: Då Anna blei liggjande på sjukehus i Førde eit halvt år, flytta Solmann på hybel rett bak sjukehuset. Då Anna kom tilbake til heimbygda og måtte bu på institusjon, tok Solmann henne med seg ut kvar dag på ein spesialkonstruert doning (ein slags tohjulstraktor) for at han og Anna skulle få ha det godt i lag. Då Anna blei flytta til kommunesenteret, reiste Solmann kvar dag med buss og rutebåt for å nå henne. Dei dagane rutegåande ikkje gjekk, køyrde han scooter 1,5 time kvar veg. Då scooterturen blei for farleg, kjøpte han seg båt og drog til Eivindvik, vèl ein time kvar veg, i all slags vêr. I ord og bilde har Osland og Apneseth dokumentert Anna og Solmanns strev for å få vere saman, og den store gleda dei har av kvarandre og styrken dei får frå kvarandre, trass i den vanskelege livssituasjonen. Fokus ligg på det vedunderlege dei får til i lag og kva som er viktig for dei og oss alle. Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevansker og spesielt tiltenkt dei som har hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon.

InnbundetNorsk, Nynorsk
Butikkpris: 299,-
272,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Innbundet
Illustrert av
Oddleiv Apneseth
Utgivelsesår
2013
Første salgsdato
21.06.2013
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider
82
Høyde
248 mm
Bredde
212 mm
Lengde
15 mm
Vekt
540 g
ISBN
9788279591825
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Anmeldelser

Ei vakker historie vert stødig fortalt. Av og til må ein smile av gamlingen sitt overmot. Av og til flør det i augene når du les om den maskuline omsorga.

Hans Jakob Reite, NRK Sogn og Fjordane

Ei eventyrleg vakker forteljing om livslang kjærleik [.] formidla vakkert og usentimentalt av Erna Osland. Ho legg ikkje skjul på det som er vanskeleg. Kan hende er det nett derfor boka gjer så djupt inntrykk.

Marianne Lystrup, Vårt Land

En ekte fortelling fra virkeligheten som berører.

Bergens TidendeSilje Stavrum Norevik, Bergens Tidende

Osland og Apenseth har skapt et originalt portrett som viser frem poesien i strevet, arbeidet, intimiteten og gleden som et samliv kan være.

Bergens TidendeSilje Stavrum Norevik, Bergens Tidende
272,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.