Hopp til hovedinnholdet
Duino-elegiar

Duino-elegiar - attdikta av Jon Fosse


Rilkes hovudverk i norsk tolking.

Rainer Maria Rilke (fødd 1875 i Praha, død 1926 i Sveits) vert rekna som ein av dei aller viktigaste moderne tyskspråklege lyrikarane. Med sin bakgrunn i det tyskspråklege miljøet i Praha, som også Franz Kafka var ein del av, skreiv han fram ein unik forfattarskap. Hovudverket hans, «Duino-elegiar», ligg no føre på norsk i tolking av Jon Fosse. I år er det hundre år sidan det kanskje viktigaste året i historia til den modernistiske diktinga. I 1922 var Rilke etter ti års arbeid ferdig med «Duino-elegiar», same året gav T.S. Eliot ut «Det aude landet» og James Joyce «Ulysses». Jon Fosse har svært lenge vore oppteken av Rainer Maria Rilke og har også tidlegare attdikta tekstar av Rilke.

Kven, om eg skreik, høyrde meg då i englars ordenar? og sett at ein tok meg brått til sitt hjarta: eg ville forgå av hans sterkare nærvær. For det vakre er ingenting anna enn byrjinga på det skrekkelege, som vi knapt held ut, og held slik av, fordi det lognt lèt vera å øydeleggje oss. Kvar engel er skrekkeleg.

Rainer Maria Rilke (1875-1926) var ein austerriksk forfattar og ein av dei verkeleg store diktarane tidleg på 1900-talet. Rilke var fyrst og fremst lyrikar, men han skreiv i fleire sjangrar og omsette mykje, særleg fransk lyrikk. Det finst også ei omfattande brevveksling etter Rainer Maria Rilke.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Fosse er mest kjend som dramatikar, men har også skrive litteratur av uvanleg høg kvalitet i andre sjangrar, både lyrikk og prosa. I 2021 fullførte han storverket Septologien. Fosse har gjennom heile sitt lange forfattarliv også arbeidd som omsetjar og attdiktar.

Innbundet
Pocket
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

Butikkpris: 329,-
299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

Produktinformasjon
Format
Innbundet
Utgivelsesår
2022
Første salgsdato
03.05.2022
Forlag
Samlaget
Språk
Norsk, Nynorsk
Originaltittel
Duineser Elegien
Originalspråk
Tysk
Antall sider
61
Høyde
245 mm
Bredde
177 mm
Lengde
10 mm
Vekt
288 g
Oversatt av
Jon Fosse
ISBN
9788234008139
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.