Hopp til hovedinnholdet
Edda-dikt

Edda-dikt - band 1 : Voluspå & Håvamål

Utgitt 2013.Del 1 av serien Edda-dikt.


EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom.

Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon – inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet.

Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta. I dette første finn vi Voluspå og Håvamål. Han har før m.a. gjeve ut kritikarroste gjendiktingar av islandske mellomalderkvad som ”Lilja” og ”Geisli”. Som lyrikar er han omsettt til 30 språk.

VOLUSPÅ er den synske volvas visjonar av verdssoga, frå skapinga til verdas undergang – men med eit syn om ei ny og harmonisk verd.

HÅVAMÅL er Odins tale: Her gjev han råd om mellommenneskeleg samkvem og høvisk framferd, men òg innsyn i den heidne tids mystikk, runekunst og trolldomsdikt.

Vigdís Finnbogadóttir siterte ofte frå eddadikta i talane ho heldt som verdas første kvinnelege president: I forordet kjem ho m.a. inn på kvinnas plass både i gudeverda og som kulturformidlar i det førkristne samfunnet: Volva er den som ser og veit, og som åtvarar mot kaos og øydelegging av alt liv.

Innbundet
PocketE-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

390,-
429,- i butikk

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Kan bestilles til 146 butikker

På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

"Knut Ødegårds gjendiktninger av Voluspá og Håvamål er en etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese. Dette er norrøn visdoms -og visjonskunst, språklig modernisert for vår samtid."

VGArne Hugo Stølan, VG
Produktinformasjon
Format
Innbundet
Utgivelsesår
2013
Første salgsdato
21.05.2013
Forlag
Cappelen Damm
Språk
Norsk, Nynorsk, Gammelnorsk, Flerspråklig
Antall sider
230
Høyde
248 mm
Bredde
155 mm
Lengde
22 mm
Vekt
624 g
Oversatt av
Knut Ødegård
Serie
Edda-dikt
ISBN
9788202409562
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Anmeldelser

"Knut Ødegårds gjendiktninger av Voluspá og Håvamål er en etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese. Dette er norrøn visdoms -og visjonskunst, språklig modernisert for vår samtid."

VGArne Hugo Stølan, VG

"Tidlegare president i Island, Vigdís Finnbogadóttir, har skrive eit fint føreord; og attdiktar Knut Ødegård har eit informativ etterord og notar der han drøftar ulike tolkingsalternativ og elles gjev naudsynte opplysningar for å letta forståinga. Ødegård har også hatt tilgang til den nyaste, til dels enno upubliserte forskinga på feltet; og hans tolkingsval verkar vel underbygde, medvitne og filologisk etterrettelege."

Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
Edda-dikt