Hopp til hovedinnholdet
Julemysteriet
Omslagsbilde av «Julemysteriet»

Julemysteriet

Av Ruth Lillegraven, 2021.Del 4 av serien Klodeklubben.


Om boka

Fjerde bok i populær spenningsserie Vanja og Sivert gler seg til å vise Mo den årlege julemarknaden. Torget i bygda blir fylt av boder og midt på torget skal foreldra til Vanja setje opp ei diger julegran. Dessutan kjem det kvart år ein julenisse med slede og ekte reinsdyr! Men i år er det ikkje like koseleg. Det er ikkje snø på bakken når Klodeklubben kjem til julemarknaden. Og rett før grana skal tennast, oppdagar dei at nokon har kløyvd julegrana i mange deler. Og heller ikkje julenissen dukkar opp med reinsdyra! Kven har øydelagd julegrana? Og kva har skjedd med julenissen? Kan desse to mysteria ha ein samanheng? Klodeklubben. Julemysteriet er fjerde bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn i alderen 6-9 år, skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar. Dei to første bøkene i serien, Dei svarte svanene og Hytta som forsvann, kom ut våren 2020, medan den tredje boka, Fanga på fjorden, kom ut våren 2021. Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar. Jens Kristensen (f. 1975) er ein anerkjent illustratør og bildekunstnar. Han er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. For illustrasjonane til Klodeklubben. Dei svarte svanene, vann han Kulturdepartementets illustrasjonspris.

Innbundet
Pocket — ikke tilgjengelig
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

199,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bokE-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Min Side.

Utmerkelser

  • Alfred Andersson-Ryssts pris 2012

Kjøp

199,-
Innbundet
Pocket — ikke tilgjengelig
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bokE-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Min Side.

Produktinformasjon

Format
E-bok (Epub)
Kopibeskyttelse
SDRM
Utgivelsesår
2021
Første salgsdato
22.10.2021
Forlag
Samlaget
Språk
Norsk, Nynorsk
Emne
Julen
Aldersgruppe
Fra 6 år
Antall sider i tilsvarende trykt utgave
80
Serie
Klodeklubben
ISBN
9788234007156

Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
199,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.