Jenny Fender er i fyr og flamme. Bestevennen Signe kjem på besøk i romjula. Kjærasten Sara bur i nabohuset og er verda kulaste trommis. Alle tre speler i same rockeband: Nabovarsel. Og ikkje nok med det: Nabovarsel kan ENDELEG melde seg på UKM!
Dette blir den beste jula ever!
Men brått blir Signe hestegal, og ein sjukt kristen kjekkas heng rundt Sara. Det rablar for Jenny Fender. Hest og pene gutar kan ikkje vinne over rock, venskap og kjærleik! Eller …?
Hvem skulle trudd at livet som rockestjerne kunne vere så tragisk!