Hopp til hovedinnholdet

Klokkemakar Alfreds mysterium

  • Innbundet

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Søskenbarna Tobias og Rosie er på vinterferie hos tanta si. Ein dag oppdagar dei eit gammalt, falleferdig hus i skogen. Den gamle mannen som bur i huset heiter Alfred og er klokkemakar. Han har huset fullt av gamle klokker, kvar med si historie. Ein dag fortel han barna om eit fleire hundre år gammalt uløyst mysterium som er knytt til to heilt spesielle klokker. Samtidig viser det seg at nokon held utkik med Alfreds hus. Ein mystisk, kvit varebil står gøymt i skogen. Plutseleg er Alfred sporlaust borte... Boka rettar seg mot aldersgruppa 6-12 år, men høver for alle generasjonar som set pris på ei god historie. Frå forordet i boka: «Vi kan berre følgje klokkene som blei sende til reparasjon. Med klokker som med menneske: dei lykkelege har inga historie.» C. Breguet I familien har vi mange gamle klokker. Fleire av dei har min grandonkel Alfred laga eller reparert. Då eg leita bakover i tida etter historiene til klokkene, kom eg over historia om klokkemakaren Abraham Louis Breguet, som var fødd i 1747. Dei to klokkene denne boka handlar om, blei laga av han. Under den franske revolusjonen forsvann klokkene og har sidan aldri blitt funne igjen. Det var mange dramatiske hendingar i Frankrike på denne tida, og dei to klokkene har i denne boka fått bli med på nokre av desse hendingane. Personane har levd, hendingane er verkelege, men reisa til klokkene er det eg som har fletta inn i historia. Gamle onkel Alfred har også verkeleg levd, men ikkje alle dei andre i denne boka. At dei to klokkene kom inn i denne familien si historie, og korleis det skjedde, er også rein fantasi.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 2-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed