Hopp til hovedinnholdet

Spesialpedagogisk utsyn

Av Edvard Befring, Reidun Tangen (red)
  • Pocket

  • 2006

  • Flerspråklig

  • Norsk, Bokmål

  • Norsk, Nynorsk

  • Engelsk

læring og oppvekst : artiklar i utval

Kva er utfordringane i spesialpedagogikken i dag? Kva kjenneteiknar utviklinga i faget? Denne boka lyftar fram slike spørsmål og rettar søkjelys mot barns oppvekstvilkår generelt og vilkåra deira i norsk skole spesielt, med særleg vekt på situasjonen for vanskelegstilte barn og unge.
Boka vil vere nyttig for studentar i lærarutdanninga og i grunnutdanninga i utdanningsvitskap og spesialpedagogikk, og dessutan for lærarar, spesialpedagogar og andre med ansvar for barn som møter vanskar i oppvekst, læring og skole. Edvard Befring er professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Sidan midten av 1970-åra har han vore ein av dei mest sentrale aktørane i norsk spesialpedagogikk, med eit stort nordisk og internasjonalt fagleg nettverk. Frå 1975 til 1987 var han rektor ved den tidlegare Statens spesiallærarhøgskole. Her stod han i spissen for etableringa av embetseksamen og doktorgraden i spesialpedagogikk. Han har vore leiar for fleire større nasjonale utgreiingar innanfor oppvekst- og barnevernssektoren, og han er ein etterspurd foredragshaldar og ein aktiv deltakar i debatten om skole og oppvekstvilkår.

    Tilgjengelig i 1 butikk

    På nettlager. Sendes innen 2-3 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer