Eg har ikkje mor, eg handlar om ei dotter som mister mor si, langsamt. Frå demenssjukdomen
kjem snikande, til mora ikkje lenger greier å ta vare på seg sjølv. Det er som om eit tåkelandskap
har lagt seg rundt mora. Korleis møter dei kvarandre i denne fasen av livet?
«Eg har ikkje vore i denne tåka, men eg har sett at tåke også kan vere eit landskap av lys», skriv
dottera, som skildrar tida på sjukeheimen og det første året etter at mora døydde.