Hopp til hovedinnholdet
Den store Gatsby

Den store Gatsby

Av F. Scott Fitzgerald, 2024.Del av serien Skalds klassikarar.


Den store Gatsby tek oss med inn i ei verd av overflod, draumar og djup lengsel. Forteljaren Nick Carraway flyttar til Long Island utanfor New York og blir dratt inn i eit liv fylt av glitter og glamour. Der møter han Jay Gatsby, ein mystisk og ufatteleg rik mann som held storslagne festar i sitt imponerande herskapshus. Men bak fasaden av luksus og lys, skjuler Gatsby lengta etter Daisy, kjærleiken frå ungdommen, som no er gift med den arrogante og grove Tom Buchanan.

Gjennom Gatsbys lidenskap ser vi korleis den amerikanske draumen kan bli eit mareritt, korleis menneske kan bli slukt av grådigskap og øydelagt av si eiga uro. Den store Gatsby er ei forteljing om knuste draumar, uoppnåeleg kjærleik, og dei mørke avgrunnane som ligg bak eit tilsynelatande perfekt liv.

Då romanen kom ut i 1925, vart han ein fiasko for suksessforfattaren Fitzgerald. Verken lesarar eller kritikarar sette romanen særleg høgt den gongen. Først etter at ein frivillig organisasjon delte ut gratis eksemplar av boka til soldatar under den andre verdskrigen, vaks romanen til å bli den klassikaren han er i dag, med tallause adaptasjonar, dramatiseringar og filmatiseringar.

Hundre år etter utgjevinga, blir Den store Gatsby sett på som eit av dei viktigaste verka i den moderne verdslitteraturen. Han har forma biletet vårt av 1920-åra, eller det Fitzgerald sjølv kalla «jazzalderen» – ei tid fylt av fest, musikk og framtidsoptimisme, men òg depresjon, einsemd og framandgjering.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

FleksibindNorsk, Nynorsk
299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Tilgjengelig i 18 butikker

På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

Timinga kunne knapt vore betre. […]Den sterkt dialogdrivne handlinga har fått ei lett og ledig språkdrakt i den overmåte gode nyomsetjinga til Nils Henrik Smith.

Jan Nyberg, Bergens tidende
Produktinformasjon
Format
Fleksibind
Utgivelsesår
2024
Første salgsdato
31.10.2024
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Originaltittel
The great Gatsby
Originalspråk
Engelsk
Emne
Høy sosioøkonomisk status
Antall sider
212
Høyde
186 mm
Bredde
125 mm
Lengde
20 mm
Vekt
270 g
Oversatt av
Nils Henrik Smith
Serie
Skalds klassikarar
ISBN
9788279593768
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Anmeldelser

Timinga kunne knapt vore betre. […]Den sterkt dialogdrivne handlinga har fått ei lett og ledig språkdrakt i den overmåte gode nyomsetjinga til Nils Henrik Smith.

Jan Nyberg, Bergens tidende

Gatsbys håp gir han energi, (over)mot og fart – men han ser ikke at håpets mørke side – eller den amerikanske drømmen, om du vil – uthuler ham selv, og gjør ham ute av stand til å se virkeligheten rett foran seg. […] For det er nemlig Fitzgeralds syrlige kynisme og håpets mørke side, som jeg avviste kontant som 16-åring, som gir en merkelig liten dytt til håpløsheten og redselen, som mitt 50-årige jeg kjenner på for hvordan det skal gå med verden i disse tider.

Hilde Slåtto, Vårt Land

Romanen, som er skriven i eit økonomisk, nøytralt og konsentrert språk, i denne uttgåva flott omsett til friskt nynorsk, er ein tidskapsel, ein ekte klassikar. Skildringane av folk, av ambisjonar og attrå, er gyldige til alle tider.

Odd W. Surén, Dag og Tid

Fascinasjonsobjektet Jay Gatsby skinner i Nils Henrik Smiths nynorske oversettelse.

Eirik Riis Mossefinn, Klassekampen
Den store Gatsby