Hopp til hovedinnholdet

Det evige sekund - dikt

  • Innbundet

  • 2015

  • Norsk, Nynorsk

Det evige sekund er ei diktsamling, og eg meiner at alt der er dikt, også t.d. «Forvandling» og «Pilgrim», som etter skriftbiletet på papirflata - kanskje på andre måtar òg - skil seg ut frå det svært mange lesarar forstår ved eit dikt. Utviklinga går elles i den lei at skiljet mellom dei ymse litterære uttrykksformer er blitt stadig mindre markant den seinare tid. Etter mi meining er det ein nødvendig prosess.

Det evige sekund høyrer med i Utstein kloster-syklusen og er det tredje leddet der. Dei to første var romanane Mysterium (1967) og Legenden om Svein og Maria (1968). Nytt stoff av ymse litterære kategoriar emnar seg til, og noko er eg i arbeid med.

I Utstein kloster-syklusen er det ikkje tale om framhald frå bok til bok, heller ikkje om nokon ytre samanheng, men ein indre slektskap kan der vel vera. Av det som alt er sagt, går det fram at bøkene også vil vera av ulik art. Men av fleire årsaker har eg funne det tenleg å la det gamle klosteret på Utstein stå som ein geografisk og idémessig midtstad for det eg skriv om.

Frå forfattarens innleiing
Klikk&Hent På lager i 2 butikker
Nettlager Produseres på bestilling. 2-3 uker leveringstid
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed