Hopp til hovedinnholdet
Hageselskapet

Hageselskapet - og andre forteljingar

Av Katherine Mansfield, 2026.Del av serien Skalds klassikarar.


Katherine Mansfield var ein av dei verkeleg store fornyarane av den moderne novella, og ein sentral figur i den engelskspråklege modernismen. Fødd i Wellington, New Zealand, levde ho størsteparten av livet sitt i Europa, der ho, som ein outsider i dei litterære miljøa i London, utvikla ein særeigen forfattarskap som skildra menneskelege relasjonar med ein psykologisk presisjon og eit intenst nærvær. Novellene hennar var radikalt annleis enn alt som hadde kome før: fragmentariske, stemningsmettande og utan dei tradisjonelle plotta. I staden lét ho små augneblink av innsikt og kjensle bere forteljingane. Hageselskapet og andre forteljingar er høgdepunktet i forfattarskapen hennar – skrivne dei siste åra av livet, då ho var alvorleg sjuk, men på sitt mest kunstnarleg klarsynte. Novellene fangar overgangane mellom barndom og vaksenliv, mellom sosial konvensjon og sårbar erkjenning. Den nyskapande stilen til Mansfield fekk varig innverknad på moderne litteratur. Forfattarar som James Joyce og D.H. Lawrence lét seg inspirere, og ikkje minst Virginia Woolf, som både beundra og konkurrerte med henne i eit av modernismens mest fascinerande litterære venskap. Mansfields evne til å gi det kvardagslege ei glød av innsikt har gjort henne til ein klassikar i verdslitteraturen – og til ein forfattar som stadig blir lesen som om ho skreiv i går.

E-bokNorsk, Nynorsk
Alle formater og språk
329,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Produktinformasjon
Format
E-bok, nedlastbar (Epub)
Kopibeskyttelse
SDRM
Utgivelsesår
2026
Første salgsdato
27.03.2026
Forlag
Skald
Språk
Norsk, Nynorsk
Originaltittel
The garden-party and other stories
Originalspråk
Engelsk
Antall sider i tilsvarende trykt utgave
280
Oversatt av
Tove Bakke
Serie
Skalds klassikarar
ISBN
9788279593997
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
Hageselskapet
Hageselskapet | Katherine Mansfield | Ark.no