I dagdraumane er du alltid nær. Du er røysta i veggen, pusten i trappa og handa som møter handa. Gard Sandvig skriv om kjærleik og sakn, og augeblink i livet som åpnar seg som kronblad. Diktsamlinga har alvor, vemod, takknemlegheit og humor side om side, og dikta beveger seg naturleg mellom nynorsk og bokmål. Ein sommerfugl kviler på benken i sin fyrste og siste sommar.
Gard Sandvig (f. 1956) er fødd og oppvaksen i Oslo, der han har arbeidd som journalist og redaktør. Han byrja å skriva dikt som 18-åring, og har gjennom åra utvikla forfattarskapen sin på både bokmål og nynorsk. Han har vore nettpoet i fleire år, og debuterte i bokform i fjor med diktsamlinga «Nærleik – meir enn berre ord», og er representert i fleire antologiar. Dei siste seksten åra har Sandvig budd ved havet på Moltustranda og i Kvalsvik på Nerlandsøy i Møre og Romsdal. Kystlandskapet er ei av Sandvigs rikelege inspirasjonskjelder.