Hopp til hovedinnholdet
Lars Berg

Lars Berg - rikspornograf og kulturforkjempar


Dristige bøker frå radikal kulturprofil. Lars Berg (1901-1969) debuterte som romanforfattar i 1934. Dei første romanane vekte stor oppsikt og blei storseljarar. Dei handla om impotens og seksualangst og om stor seksuell appetitt. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk tilnamnet rikspornograf. Han blei meld til politiet, men blei frikjend. Berg skildra seksualiteten som ei positiv kraft som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar. Det gjorde Lars Berg til den mest radikale norske forfattaren i 1930-åra, og for si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Under krigen sat Berg på Grini, og dei påstått umoralske bøkene hans hamna på indeks og blei fjerna frå bibliotek og bokhandel. Lars Berg skreiv realistiske romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø. Fiskarliv, jordbruk og lærargjerning stod sentralt, noko Lars Berg hadde førstehandskunnskap om. Målmannen Lars Berg arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Han kjempa for at Nord-Noreg skulle ha eit like godt og mangfaldig kultur- og utdanningstilbod som resten av landet. Mellom anna slost han for at landsdelen skulle få eit eige teater. Lars Berg blir rekna som Hålogaland Teaters far.

Innbundet
Pocket
E-bok
Lydbok

Språk: Norsk, Nynorsk

299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene.

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Produktinformasjon
Format
E-bok, nedlastbar (Epub)
Kopibeskyttelse
SDRM
Utgivelsesår
2020
Første salgsdato
27.08.2020
Forlag
Samlaget
Språk
Norsk, Nynorsk
Antall sider i tilsvarende trykt utgave
239
ISBN
9788234002878
Kundevurderinger

0

0 vurderinger

0%
0%
0%
0%
0%

Din vurdering

Logg inn for å se eller gi din vurdering.

Kundevurderingene er skrevet av verifiserte kjøpere. Det betyr at produktet som vurderes må være kjøpt hos ARK og registrert på brukers profil. For å registrere kjøp gjort i butikk, må man være ARK-venn.

Mer om kundevurderinger i ARK
299,-

Ved å fullføre kjøpet aksepterer du kjøpsvilkårene.