(…)
Viss du lyg, blir van med å ljuge, vil krafta i orda renne vekk.
Språket, i lang tid skilt frå medisinen, må sno seg inn igjen.
Kor lenge varar ei sjel?
Kor stor plass tek den?
Begynn no.
Og hald fram med å begynne. Når du blir svak, be om hjelp.
Ta så opp att arbeidet.
Bølge av blod er ei hybridbok: ei blanding av poesi, essay, foredrag, reise- og krigsdagbok, skriven ikkje etter at støvet har lagt seg, men medan jernet er varmt – mellom oktober 2023 og april 2024. Ariana Reines arbeider framleis med sorga etter mora sitt sjølvmord då angrepa 7. oktober 2023 finn stad, og folkemordet startar i Gaza. Mora var dotter av jødiske holocaust-overlevarar og hadde slite med schizofreni og heimløyse i over tjue år. Reines skriv om nedarva familietrauma og -sorg medan ho reiser gjennom dei europeiske landa der familietraumaa starta; ein krig sluttar ikkje når den er slutt. Om sorg og smerte ikkje blir arbeidd med, kan dei utvikle seg til noko sjukt eller vondt, slik ein i eit større perspektiv også ser med folkemordet i Palestina. Bølge av blod er ein indre kamp med krigens sinn: for å forstå korleis vondskap oppstår i verda, må ein også forstå sitt eige indre.
Boka er eit forsvar for poesi, for hjartet, kroppen og menneskelivet, i ei verd trua av KI: Orda og ordbruken spelar også alltid ei rolle i krig.
Ariana Reines (f. 1982) er ein amerikansk poet, gjendiktar, dramatikar og performancekunstnar frå Salem i Massachusetts. Ho har gitt ut seks diktsamlingar i tillegg til fleire chapbooks, essays og skodespel (Telefon vart oppført ved Møllebyen litteraturfestival i 2017), omsett Charles Baudelaire, Jean-Luc Hennig og Tiqqun, skrive for The New Yorker, Artforum, Frieze, Harper’s, LitHub, Granta, The Los Angeles Review of Books, Poetry m.m., hatt performancar på mellom anna Guggenheim-museet, Whitney Museum of American Art, og undervist i poesi ved Berkeley, Columbia, The New School og New York University. I 2020 starta ho Invisible College, vigd til studiar av poesi, gamle og heilage tekster, mellom anna Miltons Det tapte paradis, som Bølge av blod går i dialog med.
«Stemma hennar – som alltid er meir enn hennar åleine – er ein dialektikk mellom det eldgamle og the bleeding edge. […] ‘Ein teknologi kan bli sett på som bleeding edge når den inneber ein viss risiko.’ Det kan finnast ein ‘mangel på konsensus’. Eller ‘ein mangel på utprøving’. Det kan finnast ein ‘motstand mot endring i bransjen’. Med Arianas kunst er risikoane reelle, og vi bør ta dei.» – Ben Lerner
Gjendiktet fra engelsk av Anna Kleiva
Design: Marte Meling Enoksen.
banderole//bok er en serie bøker i forlengelse av pamflettserien banderole.