Hopp til hovedinnholdet

Sju dagar i august - roman

  • Pocket

  • 2019

  • Norsk, Nynorsk

I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe?
Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.

Tilgjengelig i 88 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed